Om tenestene
Kommunal revisjon sine lovpålagde oppgåver tilseier at forvaltningsrevisjon, rekneskapsrevisjon og revisjon av den kommunale internkontrollen er våre hovudoppgåver. I tillegg ynskjer me å gje kommunane tilleggstenester i form av rådgjeving og konsulenttenester.

Forvaltningsrevisjon

Forvaltningsrevisjon er retta mot både mål- og kostnadseffektivitet, og vert dermed ei vurdering av om kommunane når sine primære mål som tenesteytarar overfor innbyggjarane. Ved forvaltningsrevisjon vert det og kontrollert om lover og regler vert fulgt.

Regnskapskontroll

Rekneskapskontroll er ein analyse der det vert vurdert om ein kommune har avlevert korrekt årsrekneskap.
Internkontroll

Ved internkontroll vurderer revisjonen om kommunane har tilfredsstillande eigenkontroll i den daglege drifta og gode rutiner dersom uventa situasjonar skulle oppstå. Både gjennom rekneskapskontroll og forvaltningsrevisjon vert internkontrollen vurdert.

Rådgjeving og oppdrag

Utover dei lovpålagde oppgåvene ønskjer IHR å bidra med sin kompetanse til å vidareutvikle kommunane i Indre Hordaland. Av moglege oppdrag kan vi nemne utgreiingsarbeid i samband med kommunal organisering eller opplæring for tilsett i kommunane.