Regnskapskontroll
Rekneskapsrevisjonen vert gjennomført i samsvar med forskrift om revisjon og god kommunal revisjonsskikk. God kommunal revisjonsskikk krev at me planlegg og gjennomfører revisjonen for å sikre at årsrekneskapen frå kommunane ikkje inneheld vesentleg feilinformasjon. Revisjonen omfattar utvalde delar av det materialet som ligg til grunn for kommunane sin årsrekneskap, vurdering av rekneskapsprinsipp som er nytta og ei vurdering av innhaldet og presentasjonen av årsrekneskapen.