Rådgjeving og konsulenttenester
Utover lovbestemt revisjon, ønskjer IHR å bidra til å utvikle kommunane i vårt distrikt. Rådgjeving er såleis eit satsingsområde for distriktsrevisjonen.
Frå berre å drive kontroll, ønskjer me og å vere ein medspelar i utviklinga av kommunane i tidlege fasar av endringsprosessa.
I så måte tek IHR på seg oppdrag der vi kan gjennomføre konkrete prosjekt, eller vi er rådgjevar i prosjekt som kommunane sjølv gjennomfører.
IHR kan bidra med sjølvstendige faglege vurderingar på aktuelle problemstillingar i kommunane.

Døme på moglege prosjekt vil vere:

A - Brukarundersøkingar
B - Konsekvensanalysar
C - Kostnadsanalysar
D - Kommunal organisasjonsendring
E - Kommunesamanslåing

IHR tek på seg å gjennomføre oppdrag, og vil på førespurnad utarbeide tilbod med prosjektplan og pris.