Forvaltningsrevisjon
Ved innføringa av ny kommunelov i 1992 vart kommunerevisjonen sine tradisjonelle oppgåver utvida til og å omfatte forvaltningsrevisjon. Gjennom forvaltningsrevisjon tek me sikte på å vurdere kommunane sin mål- og kostnadseffektivitet. Ein viktig del av forvaltningsrevisjonen vil vere å undersøke om kommunane si forvaltning av offentlege midlar skjer i tråd med lover og regelverk. Utover dette ønskjer me gjennom forvaltningsrevisjon å legge til grunn eit breitt perspektiv, slik at den reelle bruken av ressursane i ein kommune vert vurdert.

Gjennom forvaltningsrevisjon ønskjer IHR å framstå som proaktive. Me ønskjer å kome med innspel til kommunane slik at den offentlege tenesteytinga blir best mogleg. Dette vil vere viktig for å sikre innbyggjarane dei velferdsgoder dei har krav på, og det vil sikre at innbyggjarane får tillit til kommunen sin.